Sogn og Fjordane krev nullutslepp for hurtigbåtar

TEKNOLOGI: NTNU Technology Transfer og Flying Foil vil redusere energibruken til den batteridrivne hurtigbåten ved å plassere vengjer under skroget.

TEKNOLOGI: NTNU Technology Transfer og Flying Foil vil redusere energibruken til den batteridrivne hurtigbåten ved å plassere vengjer under skroget. Foto:

Av

Sogn og Fjordane vil kutte i utsleppa frå hurtigbåtane. Når kontraktane på 18 ruter går ut i 2022, blir utsleppsverstingane erstatta av nye båtar med null utslepp.

DEL

I april 2022 går kontraktane på drifta av dei 18 hurtigbåtrutene i fylket ut. Dei inkluderer ekspressbåtane frå Bergen til Sogn og Nordfjord.

Onsdag la Sogn og Fjordane ut eit høyringsnotat til industrien der dei ønsker å innføre nullutsleppskrav på åtte nye hurtigbåtar innan 1. mai 2024. Fire av dei er lokale ruter og fire er ekspressruter.

– Åtte er heilt utruleg. Det er fantastisk godt jobba og framoverlent av fylkeskommunen, seier Selfa Arctic-sjef Erik Ianssen til Teknisk Ukeblad. Selfa utviklar ein hurtigbåt som går på hydrogen og som får foilar som løftar fartøyet ut av vatnet og reduserer skrogmotstanden.

Assisterande fylkesdirektør for samferdsel, Øystein Hunvik, forklarer at fylket vel å sende ut eit høyringsnotat før sjølve anbodet for å vere sikre på at industriaktørane meiner det er realistisk.

Utsleppa frå ein fossildriven hurtigbåt er 15 gonger høgare enn ein dieselbuss. Tidlegare denne månaden teikna elleve fylkeskommunar, med Trøndelag i spissen, utviklingskontrakt med fem industrigrupper for å jobba fram kvart sitt konsept for utsleppsfrie hurtigbåtar.

I det nye anbodet i Sogn og Fjordane kjem det krav om CO2-fri drift av rutene frå 2024. Eit godtgjerslesystem skal sørge for at utsleppa blir kutta tidlegare. Dermed går dei lange rutene nordover frå Bergen frå å vere klimaverstingar til å bli grøne, skriv Sysla.

– Dette er spenstig og spennande, og svært gledeleg at dei tar dette valet, seier dagleg leiar Lars A. Rødne i reiarlaget Rødne Trafikk.

Selskapet samarbeider med verftet Fjellstrand om eit konsept for ein snøggbåt på foilar med nullutslepp. Rødne meiner det er realistisk å klare det innan 2024.

Artikkeltags