Må utsette det siste løftet

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne veka kjem Loftesnesbrui på rv. 5 i Sogndal på plass del for del, men det siste løftet er utsett til laurdag.

DEL

Dei to sidespenna på Loftesnesbrui er no monterte, men då dei førebuande arbeida til montering av hovudspennet tok lengre tid enn venta, er siste løft utsett frå fredag til laurdag, melder Statens vegvesen.

Les også: Her løftar dei den nye Loftesnesbrui på plass på riksveg 5

– Løftet av hovudspennet er ein milepåle i prosjektet, for det er då den nye brua får si endelege form, opplyser Ole Kristian Åset i ei pressemelding frå Vegvesenet.

Han kjem likevel med ei presisering: – At brua blir heist på plass, betyr ikkje at den er klar for trafikk. Ståldelane er som eit «skal» som må fyllast med innhald, mellom anna er det eit svært støypearbeid som skal gjerast. Trafikken kjem på først i desember.

Nye Loftesnesbrui er av typen nettverksbogebru og er 194 meter lang. Brua tek med seg element av bogen frå den gamle brua frå 1958, men vert mykje meir oversiktleg. Ny bru er mykje breiare og med eige felt for gåande og syklande. Køyrebana blir mykje flatare enn dagens bru, som har stor høgdeforskjell inn mot midten.

Artikkeltags