Kinn må leige charterbåt for å sikre valresultatet

Av

I nye Kinn kommune må røystene verte frakta frå Vågsøy til Florø med båt for å bli talde.

DEL

Kommunen har store avstandar og Bremanger kommune ligg mellom dei to delane av kommunen. Ei dårleg løysing, seier ordførarkandidat for Raudt Geir Oldeide til NRK.

– Det viser berre at dette ikkje er ei god kommuneløysing. Her blir det kronglete løysingar på mange ting, seier han.

Det kostar kommunen 15.400 kroner å leige båten som skal frakte valrøystene om lag 55 kilometer frå Vågsøy til samfunnshuset i Florø. Dersom det er dårleg vêr, og røystene må fraktast via bilvegen, må dei tvers gjennom Bremanger kommune som nektar å vere ein del av Kinn.

Artikkeltags