Tysdag blir det tre timar venting her

VENTING: Tysdag vil det vere brannøving i Naustdalstunnelen. Det fører til tre timar stenging på kveldstid.

VENTING: Tysdag vil det vere brannøving i Naustdalstunnelen. Det fører til tre timar stenging på kveldstid. Foto:

Naudetatane skal øve i tre timar i Naustdalstunnelen. Då slepp ingen gjennom, og du må bu deg på omkøyring eller venting.

DEL

Skal du gjennom Naustdalstunnelen tysdag kveld, bør du planlegge dagen din godt. Då skal nemleg naudetatane halde ei større brannøving i tunnelen, som vil halde tunnelen heilt stengt frå 17.30 til 20.30. I tillegg vil det vere kolonnekøyring ein halvtime før, altså frå 17.00 til 17.30.

Christopher Ebbang, brannvernsleiar i Sogn og Fjordane, fortel at ein øver i tunnelar med jamne interval, og at det skal øvast i alle tunnelar over 500 meter.

– Å øve på tunnelbrannar er eit fagfelt i utvikling, og kravet til øvingar har vore lenge, seier Ebbang, som fortel at den dei siste åra med fleire omfattande tunnelbrannar gjer slike øvingar endå meir viktige.

Røykmaskin og 30 markørar

Naudetatar frå Førde, Naustdal og Florø vil delta i øvinga. Det skal også nyttast røykmaskin.

Ebbang vil ikkje røpe for mykje av øvinga, av omsyn til at dei involverte skal vite minst mogleg om scenarioet på førehand.

– Men det vil vere ein kombinasjon av varsling, utrykking og prioritering av skadde. Vi har med oss markørar frå Øyrane, og læringar som skal få vere med for læring, seier han.

Totalt skal 30 markørar vere med, i tillegg til observatørar. Nøyaktig kor mange som deltek frå naudetatane er ikkje Ebbang kjent med, men han tippar om lag 30–40 personar.

Ber om tolmod frå folk

Han vedgår at stengingstid på tre timar er nokså lenge. Han håpar derimot på at folk vil vere tolmodige, ettersom dette er viktig arbeid.

– Det er dei store hendingane ein fryktar, og vi ser frå tidlegare hendingar at dei krev mykje av mange etatar. Då må ein øve, seier han.

Alternativ omkøyring medan øvinga held på er via fv. 611 om Stavang og Osstrupen. Kringom gjer også fleire endringar på bussrutene Førde-Naustdal-Eikefjord-Florø i dette tidsrommet. I den grad det vil vere reelle naudhendingar, vil tunnelen kunne opnast for passasje etter varsling.

– Det er klart at ein langvarig stenging, det er noko Vegvesenet ikkje ønskjer. Vi beklagar sjølvsagt ulempene dette vil medføre for pendlarar og dei som brukar vegen. Men vi vil oppfordre folk til å køyre fint og ta omsyn til utrykkingskøyretøya som vil øve på vegane.


Artikkeltags