Vedlikehaldsarbeid gir venting ved fleire tunnelar på fv. 55

Det blir venting ved Høyangertunnelen, Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen tysdag.

DEL

Vegvesenet melder tysdag om at det vil vere manuell dirigering og redusert framkomst på strekninga Vadheim – Dragsvik.

Den felles årsaka er at det er vedlikehaldsarbeid både i Høyangertunnelen, Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen denne dagen.

Ved Høyangertunnelen må du bu deg på mogleg ventetid på om lag 15 minutt i tidsrommet 12.00 til 14.30.

Ved Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen kan du også få opptil 15 minutt ventetid. Her vil vedlikehaldsarbeidet vare frå 13.30 til 15.30, melder Vegvesenet.

Artikkeltags