Steinras stengte tunnel, vegfarande måtte vente til klokka 23:00 på å få passere

Vadheimstunnelen mellom Vadheim og Høyanger er stengt som følgje av steinsprang.

Vadheimstunnelen mellom Vadheim og Høyanger er stengt som følgje av steinsprang. Foto:

Det skulle vore ferdsel i Vadheimstunnelen no, men det er det ikkje.

DEL

Eit steinras sørger for at Vadheimstunnelen på fylkesveg 55 i Høyanger kommune er stengd.

Ifølgje ein Firda-tipsar ramla steinane ned i samband med vedlikehaldsarbeidet som skjer i den drygt 1600 meter lange tunnelen.

– Det vart meisla vekk gamal betong, og i samband med dette arbeidet losna det steinblokker, fortel tipsaren.

Han legg til at etter at blokkene er fjerna, skal det leggjast sprøytebetong.

Det betyr ventetid for bilistane.

Trafikkoperatør Andreas Herland ved Vegtrafikksentralen fortel at tunnelen ikkje blir opna for kolonnekøyring igjen før klokka 23:00.

– Då vil det blir ferdsel med leiebil, seier Herland.

Vegen blei seinare opna att for fri ferdsel.

Artikkeltags