Har opna fleire stengde vegar

TYINOSEN: Fv53 Tyin - Årdal er ein av vegane som er stengde. Slik såg det ut søndag kl 11 på Tyinosen, 1081 meter over havet.

TYINOSEN: Fv53 Tyin - Årdal er ein av vegane som er stengde. Slik såg det ut søndag kl 11 på Tyinosen, 1081 meter over havet. Foto:

Uvêr gav fleire stengde fjellovergangar, men no er fleire av dei opna att.

DEL

Det har vore fleire stengde fjellovergangar i dag. Fjellovergangen rv. 13 Vikafjellet er framleis stengd. Der blir det ny vurdering måndag kl. 10, men elles har det skjedd store endringar i dag:

Men her kan du køyre

Klokka 12.30 melder Vegtrafikksentralen om at rv. 15 Strynefjellet igjen er open for ferdsel.

Fjellovergangane E16 Filefjell, rv. 52 Hemsedal og E134 Haukelifjell er alle opne.

– På Filefjell er det frisk bris. Det skal auke litt i to tida, men ikkje noko som skaper problem. På Hemsedal der er det redusert sikt. Store køyretøy bør bruke kjetting. Det lett bris og snø på staden. Der er det meldt meir vind i 14 -15-tida og litt meir nedbør, seier Kjetil Molvær i Vegtrafikksentralen.

På fv. 50 Hol- Aurland der vert det kolonnekøyring. Det gjeld også for rv. 7 Hardangervidda, kor det også er stengt for køyretøy under 7,5 tonn – men ope for køyretøy over 7,5 tonn.

Fv. 53 Tyin- Årdal er stengd.

Hugs dette når du skal køyre i kolonne

– Dersom ein skal ut på kolonnekøyring må ein ta omsyn til at ein kan bli ståande ei stund og vente. Ha med mat og godt med kle i tilfelle motorstopp. Gode vindaugsviskarar er også viktig, seier Molvær.

Når det er kolonnekøyring er det berre lov å ha med 25 bilar i slengen, noko som gjer at det kan bli ein del ventetid.

– Dei som køyrer elbil bør syte føre at dei er heilt opplada, seier Molvær.

Ikkje full breidde på vegen

– Å dra i gang kolonnekøyring utløyser eit stort apparat med vakter på kvar side av vegen og følgebil. Det er kanskje ikkje full breidde på vegen, så når ein opnar for å køyre ei kolonne har mykje meir kontroll på bilane som ein har med seg, seier Molvær.

Molvær opplever ofte at det blir reagert på at dei ikkje opnar vegane med ein gong vêret lettar.

– Vi kan ikkje sende folk heim i når det er opplett i ti-femten min. Når vi innfører kolonnekøyring så er det også fordi det er vanskar med å kunne køyre full breidde på vegen, og innsnevra køyrebane. Det er mange ting som spelar inn, som bilistane kanskje ikkje forstår samanhengen i. Men viss det er opplett så kan ein opne for styrt trafikkavvikling, og då kan ein ta med seg all bilane som er der, og ikkje berre 25 som ved kolonnekøyring, seier Molvær, som håper folk har forståing for dette.

Artikkeltags