Flykaos på Gardermoen råkar fleire flyavgangar i fylket

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSEL: Grunna snøfall på Gardermoen flyplass onsdag kveld, er fleire fly innstilt i Sogn og Fjordane torsdag morgon.

DEL

– Vêret er heilt greitt i dag, men flya er innstilt grunna gårsdagen på Gardermoen, seier områdeleiar på Sandane flyplass, Ivar Solheim.

Onsdag kveld var Gardermoen full av folk som ikkje kom seg nokon plass med fly. Grunna snøvêr vart ei rekke fly forseinka eller kansellerte. Dette førte også til problem torsdags morgon, då fleire fly og mannskap var på feil plass i landet, i forhold til flytabellane.

– Vi har blant anna eitt fly som skulle gå frå Oslo til Sandane og Sogndal klokka 09.57, men som no er innstilt då flyet ikkje er på rett plass i landet, fortel Solheim.

Det same gjeld eit fly frå Bergen til Sogndal klokka 09.15, som er innstilt då flymannskapet er på feil plass i landet.

Områdeleiaren på Sandane kan fortelje at dette skjer i heile landet torsdags morgon, som følge av kaoset på Gardermoen.

– Det er altså ikkje vêret som hindrar flya i dag, men etterdønningar frå gårsdagen. Vi satsar på at flyrutene er tilbake til normalen i føremiddag, seier Solheim.

Kva dei skal gjere med passasjerane som ikkje kjem seg av garde, er ikkje Solheim sikker på, men fortel at flyplassane i fylket jobbar med å finne ei løysing.

– Vi ringer rundt no og prøver fikse alternativ transport, men folk må vere klar over at det vert seinkingar, seier områdeleiaren.

For å sjekke kva avgangar i fylket som er innstilte, kan ein sjekke Widerøe sine heimesider.

Artikkeltags