Distriktsflya får redusert flyavgifta

LETTAR AVGIFTER: Flyavgifta blir senka for distriktsflya i Norge. Det har Samferdselsdepartementet bestemt.

LETTAR AVGIFTER: Flyavgifta blir senka for distriktsflya i Norge. Det har Samferdselsdepartementet bestemt. Foto:

Av
DEL

Flyavgifta blir senka for distriktsflya i Norge, opplyser Samferdselsdepartementet.

– Vi vil gi fritak frå plikta til å betale for inntil seks tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette styrkjer grunnlaget for flytilbodet på dei minste flyplassane våre, opplyser samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Formålet med endringane er å styrkje grunnlaget for flytilbod i distrikta.

Administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe er glad for tiltaka, som han seier er heilt nødvendige for å kunne halde oppe mange av distriktsrutene.

– Dette er ei kjærkommen lette i nokre av avgiftene, sjølv om den totale avgiftsbelastninga framleis vil vere vesentleg høgare enn ho var for få år sidan, seier han.

Sandefjord Lufthavn AS slepp òg pålegg om å dekkje kostnader til innflygingstenester.

– Dette er ein gledesdag. Vi har i mange år arbeidd for å få stadfesta at vi ikkje skal betale denne avgifta, og det ei lette å endeleg få dette stadfesta, seier administrerande direktør Gisle Skanse ved Sandefjord lufthavn.

Fritaket frå startavgifta blir innført frå 1. mars 2020.

(©NPK)

Artikkeltags