El-ferjene til Fjord1 vert forseinka

Fjord1 sine nye el-ferjer vert bygd ved Havyard sitt verft i Leirvik. Verftet har tapt eigenkapitalen, og ferjene vert forseinka.

DEL

Fjord1 har svekt inntening tredje kvartal, og kan samtidig melde om at fire el-ferjer frå Havyard er forseinka, skriv Nett.no. Driftsinntektene denne perioden har vore 705,5 millionar kroner, ned frå 824,5 millionar kroner i same periode i fjor. Resultat før skatt er på 533 millionar kroner.

Direktør Dagfinn Neteland seier selskapet er inne i ein periode med mykje investeringar, og at forseinkinga av elferjene ikkje vil påverke oppstarten av dei nye kontraktane.

Vil løne seg i lengda

– Desse investeringane er eit viktig steg mot visjonen vår om å bli den mest miljøvennlege leverandøren av ferjetransport og realisere verdiskapingspotensialet, seier Neteland.

Han viser til investeringar i ladeanlegg og kaier er naudsynt, og trur investeringar i el-ferjer vil løne seg i lengda. Totalt er det investert 552 millionar kroner i tredje kvartal, der 97 millionar er i kaier og infrastruktur. Det er venta at inntektene aukar når dei nye prosjekta startar.

Fjord1 vil leige inn erstatningsfartøy til dei nye ferjene er klare, og forseinkinga vil derfor ikkje påverke dei nye kontraktane.

(NPK)

Artikkeltags