Vegvesenet opnar for å skrote ferjefri E39

KUTTAR KOSTNADER? Vegvesenet kan gå vekk frå Ferjefri E39. Dei ser på nye alternativ. Bildet syner 
Bilferga MF «Hadarøy» frå Fjord1 som trafikkerar fergestrekninga Hareid - Sulesund i Møre og Romsdal.

KUTTAR KOSTNADER? Vegvesenet kan gå vekk frå Ferjefri E39. Dei ser på nye alternativ. Bildet syner Bilferga MF «Hadarøy» frå Fjord1 som trafikkerar fergestrekninga Hareid - Sulesund i Møre og Romsdal. Foto:

Av

Statens vegvesen kan gå bort frå ferjefri E39 for å kutte kostnader. Det bekymrar leiar av Møreaksen, som viser til stortingsvedtaket om Nasjonal transportplan

DEL

Konstituert direktør Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen seier til Dagens Næringsliv at dei jobbar med nye alternativ og at dei snart vil rå samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) til å utsetje planane om ferjefri E39 mellom Trondheim til Kristiansand på enkelte fjordkryssingar.

Innspelet kjem etter eit nytt mandat frå Samferdselsdepartementet om å vurdere nytte og kostnader i alle vegprosjekt og skal danne grunnlaget for rulleringa av Nasjonal Transport Plan (NTP) for åra 2022–2029.

Verken dagleg leiar i Møreaksen, Harald Espeland, eller tidlegare Frp-statsråd og avtroppande Os-ordførar, Terje Søviknes, støttar det nye forslaget frå Vegvesenet.

Begge er involvert i strekningar som allereie er vedtatt prioritert i NTP 2018-2029, men som no står i fare.

– Eg har ei veldig klar forventning om at prioriteringane frå Stortinget blir følgde opp. Der er tre av fjordkryssingane lagt inn som prioriterte prosjekt, nettopp på grunn av samfunnsnytte og regional utvikling, seier Harald Espeland i Møreaksen.

Artikkeltags