Uvêr: Desse vegane er stengt, og desse ferjene er innstilt

DEL

Fv 609 ved Hundsåna, mellom Førde og Askvoll er no stengt grunna rasfare. Ny vurdering blir gjort mandag, melder Vegtrafikksentralen.

Dei melder og at følgande vegar i Sogn og Fjordane vil stenge i kveld klokka 22:00 grunna rasfare:

Fv 5829 Otterdal-Grodås.

Fv 5723 Bødal-Loen.

Fv 5722 Storesund-Flo.

Fv 5744 Fossebakken -Navelsaker.

Fv 5724 Briksdalen-Olden.

Fv 5602 Fresvik - Feios.

Fv 5600 Arnafjord - Vikøyri.

Det vert gjort ei ny vurdering av desse vegane mandag morgon klokka 0900.

Fjord 1 melder at grunna uvêr blir det ikkje lov for born å reise åleine med hurtigbåten på strekninga Selje - Bergen i dag.

På ferjestrekka Oppedal – Lavik er avgangane 20.20 frå Oppedal og 20.50 frå Lavik innstilt grunna problem med ladestasjon.

På rute 1115 Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella var anløp til Losna tidlegare i dag innstilt på grunn av uvêr. Klokka 18.05 melder dei at sambandet er i i normal drift.

Avgang frå Svanøy 1520 med MF Sylvarnes vart innstilt grunna tekniske problem. Ein båt som ikkje kan føre bilar er rekvirert, og vil hente passasjerar.

Fjord 1 Rute 1180 Florabassenget melder at ruta i nord måndag morgon ikkje vil vere bilførande.

Artikkeltags