Foreslår 20 prosent kutt i ferjeprisane

Av

MDG vil fremje forslag i Stortinget om at ferjeprisane blir kutta med 20 prosent, og at staten kompenserer fylkeskommunane for auka utgifter.

DEL

– Det skal vere enklast og billegast å velje miljøvennleg. I tillegg til at mange er heilt avhengige av ferjene for å kome seg fram, er ferjenettet òg ein del av kollektivtilbodet vårt, seier MDGs Une Bastholm til NTB.

Ho meiner at ferjeprissaka illustrerer den manglande satsinga til regjeringa på kollektivtransport i heile landet.

– For at fleire skal velje kollektivt, må tilbodet byggjast ut, slik at ferjene går ofte og når dei skal, og prisane per billett må ned. Eg vil derfor foreslå eit kutt i ferjeprisane i heile Noreg på 20 prosent, seier Bastholm.

Priskuttet vil anslagsvis koste 120 millionar kroner. I tillegg vil MDG gi fylkeskommunane rundt 500 millionar kroner i kompensasjon for auka utgifter i samband med innføring av elferjer og Autopass.


Artikkeltags