40 avgangar kansellerte – utan at innkøyringsperioden har skapt problem

ELEKTRISK: Toppmoderne «Gloppefjord» markerte eit teknologisk tidskifte då ho vart sett i drift på sambandet Lote–Anda i januar.

ELEKTRISK: Toppmoderne «Gloppefjord» markerte eit teknologisk tidskifte då ho vart sett i drift på sambandet Lote–Anda i januar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Innkøyringa av dei nye elferjene på sambandet Anda–Lote i Nordfjord vil venteleg vere over til påske.

DEL

Då reknar Fjord1 med at alle dei tekniske systema er ferdig tilpassa og justerte, og at all lading av batteria om bord på «Gloppefjord» og «Eidsfjord» vil skje frå ladetårna på land.

– Vi har teke justerings- og innkøyringsperioden over tid, og drive testane om natta, slik at verknaden for trafikantane skulle bli minimal, seier operativ leiar Christine Hammersvik til Firda.

Til saman rundt 40 avgangar har vore kansellerte på grunn av testing, sidan «Gloppefjord» vart teken i bruk på sambandet 24. januar, og «Eidsfjord» kom på plass som ferje nummer to 11. februar. Den varsla testinga har gått føre seg i tidsromma mellom 23.45 og 02 om natta, med fire eller kanskje berre to innstilte avgangar kvar gong.

Ikkje fått klager

– Testinga har vore lagt slik opp at det til dømes ikkje skulle bli problem for brødbilen som køyrer denne strekninga. Varslar AMK at det kjem sjuketransport, tilpassar vi også etter det. Vi har ikkje fått nokon klager frå transportnæringa eller frå andre trafikantar, og eg kjenner heller ikkje til at Statens vegvesen har fått klager, seier Hammersvik.

Ifølgje den operative leiaren, har begge dei to elektriske ferjene fungert heilt som dei skal. Testingane og kanselleringane i samband med desse kjem ikkje av tekniske problem, men er ein nødvendig prosess for å få dei avanserte systema til å fungere optimalt.

– Det handlar om at anlegga om bord og på land skal «snakke saman» på ein slik måte at ladinga fungerer mest mogleg perfekt, og om å køyre inn datasystema om bord. På denne måten får ein justert ferjene opp mot ladestasjonane på begge sider av fjorden. Dette er ein normal del av innkøyringsprosessen, seier Hammersvik.

– Det har ikkje vore innstilte avgangar på grunn av tekniske problem, seier ho.

Har brukt generatorane

Fram til no har dei to ferjene lada frå dieselgeneratorane om bord medan dei har gått i ordinær rutedrift, og berre henta straum frå ladetårna i samband med testinga. Når testperioden er over, skal i utgangspunktet all lading skje frå tårna medan ferjene ligg til kai.

– Korleis fungerer dei nye ferjene?

– Vi er veldig nøgde med dei, og har ikkje hatt store ting å utsetje på desse fartya. Dei er enkle og oversiktlege ferjer med god plass. Det verkar som både mannskap og trafikantar er nøgde, seier Christine Hammersvik.

Artikkeltags