Endringar i rutetidene for Fjordekspressen

Frå og med 12. august blir det endringar på rutetidene for Fjordekspressen Trondheim – Bergen.

DEL

Det skriv busselskapet Nor-Way i ei pressemelding.

Søndag til torsdag verte avgangstida frå Trondheim flytta fram til klokka 20.00, med framkomst Bergen klokka 09.40.

– Det betyr at reisande frå denne dato vil kome fram til Bergen 2 timar og 40 minutt tidlegare enn før. Ein kan såleis bruke bussen til transport om ein har behov for å rekkje møter, behandlingstimar, handleturar og så vidare, skriv busselskapet.

Den daglege avgangen frå Førde klokka 18.15 til Bergen, blir også bli flytta til klokka 19.15.

Bussruta vil i tillegg få direkte samband til Haukeland sjukehus ved framkomst Bergen Bystasjon måndag til fredag.

– Her vil ein bli køyrt til hovudinngangen på Haukeland Sjukehus, opplyser dei.

Artikkeltags