Beltebruken i buss går ned – varslar nye kontrollar

KONTROLL: Vegvesenet varslar kontrollar på bussar i heile landet.

KONTROLL: Vegvesenet varslar kontrollar på bussar i heile landet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Dei fleste veit at det er påbode med belte på bussen, men beltebruken går likevel ned. No varslar Statens vegvesen nasjonale beltekontrollar.

DEL

– Setebeltet er livreddar nummer éin, i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli fatale om det skjer ei ulykke og passasjerane sit usikra, seier Ida Bergene Kongsrud i Statens vegvesen.

Frå måndag 3. september vil det vere kontroll av beltebruk i bussar over heile landet. Har du ikkje belte på deg, kan du vente deg eit gebyr. Gebyret er på 1500 kroner, opplyser Statens vegvesen på sine nettsider.

Ifølgje Vegvesenets eiga spørjeundersøking veit ni av ti at det er påbode med belte på bussen. Likevel viser undersøkinga også at beltebruken har gått ned frå 81 prosent i 2017 til 74 prosent i 2018. Dei som er dårlegast til å bruke belte, er unge i alderen 15 til 29 år.

Artikkeltags