Rykte ut til flyplass etter Mayday frå Widerøe-fly

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Naudetatane har onsdag ettermiddag rykka ut til Bodø lufthamn etter at eit fly melde inn Mayday, skriv An.no.

Det skal ha vært i eit Widerøe-fly at det vart oppdaga røykutvikling før landing i Bodø.

Operasjonsleiar Mads Bernhoft i Salten-politiet stadfestar utrykninga til an.no, men seier at flyet no har landa og at situasjonen er avklara.

Stengde flyplassen

Ifølge ein AN-tipsar skal all trafikk ved flyplassen ha blitt stengt klokka 15.21. Dette grunna at all beredskap var opptekne med å handtere det aktuelle flyet.

Klokka 15.29 var situasjonen avklart og flyplassen opna att.

Det var rute 831 frå Leknes til Bodø at det oppstod røykutvikling. Ingen personar er komne fysisk til skade.

Landing gikk som normalt

Ifølgje Silje Brandvoll, som er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe, skjedde røykutviklinga fem minutt før landing i Bodø.

– Landinga gjikk som normalt, og flyet stoppa på rullebana, der passasjerane vart henta med buss. Røykutviklinga stoppa etter at flyet landa, seier ho.

13 passasjerar

I alt var det 13 passasjerar i flyet, pluss ein flyvert og dei to i cockpiten.

– Ingen har litt fysisk skadde, og dei får no ein gjennomgang av hendinga med flykapteinen. Det er klart at ei slik hending kan vere traumatisk for dei involverte, seier Brandvoll.

Flyet er no plassert i ein hangar, og vil bli gjennomgått for å finne ut hva som var åsraka til røyken.

Artikkeltags