Vegvesenet har fått melding om glatte vegar: – Køyr forsiktig

SNØ: Strekninga E39 Klakegg retning nord kl. 06.51.

SNØ: Strekninga E39 Klakegg retning nord kl. 06.51. Foto:

På yr.no blir det meldt om vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane, på grunn av sludd- og snøbyer.

DEL

Fredag morgon låg det snø på bilane i Sunnfjord. Vegvesenet opplyser kl. 06.40 at dei fått meldingar om glatte vegar fylket.

– Vi har fått melding om glatt vegbane i Magnhildskare mellom Flora og Svelgen. Eg anbefaler folk å køyre forsiktig, for det kan vere enkelte parti der det er glatt, seier trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy.

Vurder dekka dine

Skånøy seier at i låglandet ligg snøen for det meste utanfor vegbana.

– Uansett kor ein har tenkt seg i dag, gjeld det å «sko seg» etter forholda, seier Skånøy og viser til at ein må vurdere om ein kan køyre med sommardekk.

Vegvesenet oppfordrar å køyre med vinterdekk over fjellovergangane.

Kan få bot

Til BA åtvarar politiet bilistane.

– Det er ditt ansvar som sjåfør å sikre at køyretøyet er forsvarleg skodd, seier Atle Heradstveit, leiar for trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.

Dersom du køyrer på sommardekk på glatte vintervegar, tek du ein stor risiko.

– Som sjåfør risikerer du då å kome i straffansvar. Dersom det skjer eit uhell og det kan knytast til at bilen køyrer med sommardekk, vankar det bøter og kanskje også førarkortbeslag, seier Heradstveit til BA.

Status fjellovergangar:

  • Ev. 16 Filefjell: Snø- og isdekke. Kl. 05.30 var det minus fire grader, laber bris og lette snøbyer.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Snødekke. Kl. 05.55 var det minus fem grader, laber bris og lette snøbyer.
  • Rv. 15 Billingen bom-Ospeli, på strekninga Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, snøslaps, fare for glatte parti. Kl. 05.45 var det minus seks grader, vestleg lett bris og skya opphaldsvêr
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Bart og vått, fare for glatte parti. Kl. 05.30 var det minus fire grader og opphaldsvêr
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Snødekke. Kl. 05.45 var det minus seks grader, lett bris og opphaldsvêr
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Bart og vått, fare for glatte parti. Kl. 05.30 var det éin grad, lett bris og opphaldsvêr.

Artikkeltags