To bilar i trafikkulykke på E16 – stengde to tunnelar

Både Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen vart stengde etter eit trafikkuhell. Desse er no opne for trafikk.

DEL

Flenjatunnelen i Aurland vart søndag stengt etter ei trafikkulykke. Det melde Vegtrafikksentralen Vest klokka 16.06 søndag.

Som ein konsekvens av ulykka stengte Vegvesenet også Gudvangatunnelen på samme vegen.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde seinare at to bilar og tre personar var involvert i ulykka.

Brannvesen og politi på staden kunne kort tid etter melde at det ikkje var alvorlege personskadar, men at dei involverte bilane hadde store materielle skadar.

Dei to tunnelane vart opna att for trafikk klokka 17.39.

Artikkeltags