Slik ser det ut etter brannen

Slik ser det ut i Fjærlandstunnelen etter brannen.

Slik ser det ut i Fjærlandstunnelen etter brannen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJÆRLAND: Set er svartsvidd, og steinar har ramla ned frå taket. Det er sprekkar i fjellet og hol i sikkerheitsnettet. Om omkøyringa, den er 200 kilometer.

DEL

– Vi veit framleis ikkje kor lang tid det vil ta før vi kan opne igjen, seier Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Han seier det har vore sterk varme, og at fjellet må spylast, reinskast og sikrast, og elektrisk utstyr må skiftast ut.

– Det har vore geolog inne i tunnelen i dag. Kva sa han?

– Det yttarste laget av fjellet har sprokke opp over eit større området. Men geologane ventar på ein platformbil som skal gje dei betre tilkomst til tunneltaket, og dei skal inn igjen i tunnelen, seier Finden.

Han seier at eit fjellsiringslag er på veg. Det må gjerast mykje arbeid, alt frå å spyle vekk sot til bolting og sprutbetong. Det vil ta fleire dagar å få dette utført, kor mange veit han ikkje.

Det er heller ikkje klart når fjellsikringsarbeidet kan ta til.

Han håpar likevel at det kan settast i gang styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen om nokre dagar.

Brøyting i gang på Gaularfjellet

– Er det slik at de vil opne Gaularfjellet?

– Brøyting av Gaularfjellet starta i dag. Men det var planlagt lenge før brannen i Fjærlandstunnelen, og skjer uavhengig av den. Det vil ta ei vekes tid før fjellet er ferdig brøytt, så eg håpar at tunnelen er mogleg å bruke før det, seier Finden.

Han seier at å køyre om Høyanger er einaste omkøyringsmoglegheit no.

Dette betyr 200 kilometer ekstra for dei som skal mellom Skei og Fjærland.

– Vegarbeidet i Høyangertunnelen vil ikkje starte opp igjen før etter at Fjærlandstunnelen er opna. All trafikk vert no dirigert til fv. 55 via Høyanger og ferjesambandet Dragsvik- Hella. Der blir det sett inn ekstraturar på natt, slik vi har meldt tidlegare. Der går det ekstra avgangar frå Dragsvik klokka 02.30, 03.30 og 04.30. Frå Hella vert det ekstra avgangar klokka 03.00 og 04.00, seier Finden.

Artikkeltags