Rygga ut av tunnel på grunn av mykje eksos

Sundefjellstunnelen på riksveg 5 mellom Eikefjord og Florø vart stengd i 45 minutt natt til måndag, etter at ein lastebilsjåfør varsla om røyk i tunnelen.

DEL

– Vi fekk melding klokka 03.29. Det var ein lastebilsjåfør på veg frå Eikefjord mot Florø som varsla om røyk i tunnelen. Ho rygga ut av tunnelen og melde frå til oss, fortel vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø.

Sundefjellstunnelen er knapt to kilometer lang og går gjennom det rasutsette fjellet vest for krysset på Grov, på riksveg 5 mellom Eikefjord og Florø.

Brannmannskap rykte ut

Brannmannskap frå Eikefjord rykte ut og køyrde gjennom tunnelen.

Dei konkluderte med at det var store mengder eksos som låg i tunnelen, og viftene vart starta og bles ut røyken.

Tunnelen var stengd i tre kvarter.

Ho gjorde det rette

Brannfolka fann ingen teikn til brann.

Vaktleiar Frode Eide seier at lastebilsjåføren gjorde det rette då ho rygga ut av tunnelen og melde frå.

Lastebilsjåføren var på jobb. Det er elles ikkje så mykje trafikk på denne tida av døgnet.

Artikkeltags