Rv. 15 er stengt: Buss med 20 passasjerar køyrde av vegen i Stryn

Det var 20 passasjerar i bussen. Politiet og helsepersonell rykte ut.

DEL

Politiet melder at ein buss har hatt eit samanstøyt med ein hjullastar.

– Bussen har deretter køyrt av vegen, melder Vest politidistrikt.

Dei melder at naudetatar er på veg til ulykkesstaden. Det var rundt 20 passasjerar i bussen då uhellet skjedde.

– Passasjerane i bussen har ikkje alvorlege skadar, men alle blir no transportert til legevakta i Stryn. Personen i hjullastaren er bevisst, seier operasjonsleiar i operasjonssentralen i Vest politidistrikt, Per Algrøy.

Ulykka har skjedd ved Oppstryn. Statens vegvesen melder at det er redusert framkommelegheit på riksveg 15 i samband med uhellet.

Politiet melder klokka 16.15 at passasjerane i bussen er kinesiske turistar. Dei vert frakta til legevakt i Stryn i ein annan buss. Føraren av hjullastaren vert behandla av ambulanse, melder politiet.

Vegen vart stengt for all trafikk klokka 16.30.

Artikkeltags