Overingeniør: – I dag kan vi nok seie at vi har redda liv

Vegvesenet vart sjokkerte då dei såg kor slite delane var

NORDFJORD: Vegvesenet stogga to førarar med så alvorlege feil på lastebilane at overingeniøren vart skremd av det han såg.

DEL

– Då han eine sjåføren vart gjort klar over kor store skader det var på bjelken som hengarfestet heng på, takka han oss for å ha synt han det, seier overingeniør i Statens vegvesen, Svein Arne Henjesand.

Føraren dei då hadde stogga var ein lastebilførar der dei avdekka grov slitasje på bjelken som hengarfestet er festa i. Ifølgje Henjesand flytta boltane fleire centimeter på seg under køyring.

Dette var feste på ein 20 tonns hengar.

– Eit rykk så kunne den klipt boltane rett av. Då hadde vi hatt ein løps hengar i vegbana, seier overingeniøren.

– I verste fall midt i fronten

– Føraren var ikkje klar over kor gale det stod til. Det er ikkje alt ein ser når ein sit inne i bilen. Han var sjeleglad for at vi hadde stogga han.

Også ein annan førar fekk køyreforbod grunna tekniske feil. Dette var på styrekula på bilen, ifølgje Henjesand var denne på veg ut av festet.

– Den kunne ramla av når som helst. Då hadde vi i beste fall bilen gått rett til skogs.

– I verste fall hadde den gått rett i fronten på møtande trafikk, seier Henjesand.

– I dag redda vi liv

Dette oppdaga Statens vegvesen på kontroll.

Henjesand fortel at det heldigvis er sjeldan dei oppdagar så alvorlege feil på kontrollar.

– Det er skremmande at vi får to køyretøy med så alvorlege feil på same dag. I dag har vi avverja nokre farlege situasjonar, seier han, og held fram:

– Eg vil påstå at vi har berga liv i dag.

Men det var ikkje berre dei to som hadde manglar på kontrollen på Kjøs kontrollplass i Nordfjord. To førar fekk pålegg om å fjerne gjenstandar i frontruta før dei fekk køyre vidare, ein lastebileigar fekk 8000 kroner i bot for å mangle bombrikke.

Ein annan eigar fekk 5150 kroner i bot for ei overvekt på 1700 kg, medan ein sjåfør fekk 1000 kroner i gebyr å ikkje ha tilstrekkeleg med kjettingar.

Dei to siste som fekk merknadar var ein førar som måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare, og eit køyretøy som fekk mangellapp for defekt underkøyringshinder.

Samla sett vart 16 tunge køyretøy kontrollerte.

Artikkeltags