Steinras ved Norddalsfjord-krysset

Av

Det ligg store steinar i vegbana, fortel vitne.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Bjarte Trædal var på veg frå Florø til Svelgen laurdag rundt lunsjtider, då han oppdaga store steinar i vegbana mellom Norddalsfjordbrua og avkøyrsla til Norddalsfjord.

Raset vart først meldt av Firdaposten.

– Det har gått ras, og det ligg store steinblokker midt i vegbana. Dei er vanskelege å sjå før ein kjem tett på, så her må ein køyre forsiktig, åtvarar han.

Han har sett opp varseltrekant, og meldt frå til Statens vegvesen, som skal vere på veg til staden.

Klokka 14.45 har Firdaposten framleis ikkje lukkast i å få meir informasjon frå Statens vegvesen. Dei har heller ikkje registrert hendinga i vegmeldingane sine.

Artikkeltags