To tog har støytt saman i Flåm

Materielle skader på toga, og to personar sett til av lege.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 14.42 om at to tog har støytt saman ved Berekvam stasjon i Flåm.

Hastigheita skal ha vore låg, men det er materielle skader på dei to toga.

Førebels er det ikkje meldt om alvorlege personskader.

Politi og ambulanse er på staden.

To personar blir sett til av helsepersonell, men det er ikkje alvorlege skadar. Dei øvrige passasjerane framstår uskadde, melder politiet.

Det skal ha vore om lag 800 passasjerar på dei to toga.

Artikkeltags