Gunnar (70) gjekk av med pensjon for sju år sidan, men ryddar rasteplassar framleis

BESTEMT: – Eg hadde tilfeldigvis med meg ljåen i bilen, sidan eg skulle rydde litt på hytta. Då tenkte eg at «no skal eg piskadeg ta ljåen og rydde opp litt her» seier Gunnar Vallestad. Det er heller ikkje første gong.

BESTEMT: – Eg hadde tilfeldigvis med meg ljåen i bilen, sidan eg skulle rydde litt på hytta. Då tenkte eg at «no skal eg piskadeg ta ljåen og rydde opp litt her» seier Gunnar Vallestad. Det er heller ikkje første gong. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Førde: Her ryddar Vegvesen-veteranen ein tilfeldig rasteplass i Balestrand. – Eg har ofte med meg ljåen i bilen.

DEL

– Det virkar som det er mange stader det ikkje blir stelt lenger. Kanskje dette kan få dei til å skjerpe seg litt, seier Gunnar Vallestad (70) frå Viksdalen.

Vallestad har 42 år i Vegvesenet bak seg, og 20 av desse var i vedlikehaldsavdelinga. Korleis ting bør og skal sjå ut langs vegen, er naturlegvis noko han har i fingerspissane.

Så når han og kona var på veg til hytta i Balestrand på fredag, og stoppa på ein rasteplass der grasstråa grodde opp langs benken, vakna vedlikehaldsinstinktet.

– Eg hadde tilfeldigvis med meg ljåen i bilen, sidan eg skulle rydde litt på hytta. Då tenkte eg at «no skal eg piskadeg ta ljåen og rydde opp litt her», seier Vallestad og ler.

Det gjorde han også. Og medan han styrte på, og grasstråa flagra, tok kona Anne Karin Linde Vallestad eit bilde av den «ferierande» vegarbeidaren, som ho sendte til slekta.

Delt på Facebook

Derifrå vart bildet raskt delt på Facebook av dottera Heidi Vallestad, med følgjande tekst:

«Ein pensjonert vegarbeidar syns det er mektig irriterande at vegvesenet ikkje syter for at rasteplassane blir slått. Han har med seg ljåen i bilen og tek saka i eigne hender!»

Ho fortel at det ikkje er første gong faren hennar tek ljåen fatt langs offentlege vegar.

– Han plar å slå området ved Likholefossen i Viksdalen omtrent kvart år, seier ho, og fortel at då kjem også slåmaskina fram, ikkje berre ljåen.

Også stikkrennene blir ordna, om 70-åringen ikkje er nøgd med det han ser.

– Han klarer ikkje å la vere å engasjere seg, seier ho.

Har ofte med ljåen

Vallestad vedgår at sju år som pensjonist ikkje har vore nok til att han har late slepp på faget.

– Nei, og eg har ofte med meg ljåen i bilen. Eg vil no påstå at eg etter alle desse åra veit litt om korleis det bør vere, seier Vallestad, som understrekar at det også er mange stader langs vegane rundtom der vedlikehaldet er bra, og til og med heilt strøkent i hans auge.

Apropos, så byrjar han å tvile litt under samtalen med Firda om han er nøgd med jobben han gjorde i Balestrand.

– Det var no igrunnen kjapt gjort, og eg rydda berre ved benken der vi skulle sitte. Vi får sjå om eg tek resten når eg skal tilbake, seier han og humrar.

Artikkeltags