Det var ikkje berre ein ting som var gale då vegvesenet stogga vogntog på rv. 5

Tilhengaren hadde ikkje eit einaste lys som verka.

DEL

Kontrollen vart halden på riksveg 5 i Eikefjord torsdag. Statens vegvesen vinka inn 23 lastebilar og vogntog, og kontrollerte 12 av dei nærare.

Det eine vogntoget mangla mykje: Det hadde ikkje bremselys, baklys eller blinklys på hengaren, og trekkvogna var ikkje synleg for bilar som kom bak.

Dette førte til at føraren av bilen vart politimeld.

Men det var ikkje alt. Då Statens vegvesen sjekka, viste det set at vogntoget var kravd avskilta på grunn av manglande etterkontroll frå ein teknisk mangel som vart oppdaga for ei tid tilbake. Og ikkje nok med det. Lasta som var om bord i hengaren var ikkje godt nok sikra.

Bøter og gebyr

Det er mykje som skal vere på stell for dei som køyrer tungtransport. Det hadde ikkje alle som vart stoppa ved Eikefjorden.

Eit køyretøy fekk bruksforbod på grunn av manglar ved ferdsskrivaren. Ein førar fekk skriftleg åtvaring på grunn av bot på reglane om køyre- og kviletid. Eit køyretøy hadde manglar på bremser, eit anna mangel på lys. Desse fekk skriftleg åtvaring.

I tillegg fekk ein førar 500 kroner i gebyr for ikkje å ha med seg alle dei påkravde dokumenta.

Artikkeltags