Statens vegvesen hadde kontroll på Langeland. Dei avskilta to bilar

DEL

Torsdag hadde Statens vegvesen tungbilkontroll på E39 på Langeland. Dei vinka inn 26 køyretøy, og 18 av dei vart nærare kontrollerte.

Under kontrollen vart ein lastebil og ein semitilhengar avskilta. Dei hadde ikkje gjennomfør Periodisk køyretøykontroll, eller EU-kontroll som dei fleste kallar det, og vart derfor avskilta.

Ein annan lastebil køyrde rundt med to dekk som ikkje hadde nok mønsterdjupn. Han fekk gebyr for det.

Statens vegvesen melde også eit føretak til politiet. Dei transporterte farleg gods utan at lastebilen var merka slik den skulle. I denne transporten mangla det også ein del dokument som skulle vore med.

I tillegg til dei store bilane vinka dei også inn nokre personbilar. Ein av dei hadde montert eit senkesett på bilen som ikkje var godkjent, og må tilbake til Statens vegvesen for kontroll.

Artikkeltags