Halvparten av alle dødsulykker på norske vegar i juli har vore på motorsykkel

DØDSULYKKE: Bilete frå trafikkulykka i Stryn tysdag 10. juli.

DØDSULYKKE: Bilete frå trafikkulykka i Stryn tysdag 10. juli. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Fem av ti trafikkdrepne i juli har vore motorsyklistar. Vegvesenet er uroa over den markante auken.

DEL

– Dette er nedslåande. Vi ser at ein klart aukande andel av dei drepne i vegtrafikken er motorsyklistar.

Dette seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Medan risikoen for å bli drepen eller hardt skadd pr. køyrde kilometer i bil har gått markant ned dei seinare åra, har risikoen for MC vore aukande sidan 2011.

Samanlikna med bilførarar er risikoen for å bli drepen eller hardt skadd 16 gonger høgare for tung MC. I 2017 miste 21 personar livet på motorsykkel og moped.

Les også: Personbil og MC i kollisjon – førar sendt til Førde i luftambulanse

Vaksne menn dominerer statistikken

Ifølge Statens vegvesen sine tal miste 10 personar livet i trafikken i juli og 12 personar i juni. Det er to fleire enn i fjor.

Så langt i 2018 har 55 mista livet, noko som er same tal som i dei sju første månadene i 2017.

Hordaland (7), Rogaland (6), Møre og Romsdal (5) og Nordland (5) er hardast råka, medan Finnmark ikkje har hatt ei einaste dødsulykke og Østfold berre éin så langt i år.

Ulykkene er spreidd, og det er ingen spesielle strekningar som utpeikar seg. Men dei som har blitt drepne, er eldre enn tidlegare. Som tidlegare dominerer vaksne menn statistikken, som også har flest møteulykker og utforkøyringsulykker, står det i pressemeldinga.

Kan bli under 100 drepne

I 2017 omkom 106 menneske i trafikken trass i relativt mange drepne i oktober, november og desember. Fortset 2018 slik den har begynt kan det ifølge Vegvesenets sin prognose bli under 100 drepne i år.

– Vi kan vere på veg mot dei lågaste tala på 71 år. Vi må tilbake til 1947 – då 94 omkom – for å finne tilsvarande låge tal, seier vegdirektøren.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen Foto:

For tredje år på rad var Norge det sikraste landet i Europa når det gjeld trafikksikkerheit i 2017. Norge er blitt eit land som dei andre landa ser til.

– Vi har jobba målretta og kunnskapsbasert i mange år. Det skal vi fortsette med. Men det avheng og av deg og meg som vanlege trafikantar. Køyrer vi etter forholda, held oss under fartsgrensa, hugsar bilbelte og køyrer rusfritt, bidreg vi alle til betydeleg auka trafikksikkerheit både for oss sjølv og andre, seier Gustavsen.

Vegvesenet sine sommarønsker

  • Køyr etter forholda og aldri over fartsgrensa. Litt fortare er mykje farlegare.
  • Del vegen - og ta hensyn til alle som brukar vegen.
  • Hugs bilbelte!
  • Pakk bilen riktig - ingen lause gjenstandar og tunge ting nedst.
  • Planlegg reisa godt.
  • Hald deg edru.
  • Sjekk bilen og sørg for at den er i god teknisk stand.

Drepne i 2018 fordelt på kjønn

Artikkeltags