Joggar stengde tunnel. Vanlegvis er syklistar problemet

Hjelp, ein joggar i tunnelen! Då stenger vegvesenet tunnelen til joggaren får skyss av politiet eller kjem seg ut ved eiga hjelp.

DEL

Onsdag føremiddag skjedde det igjen. Vegmeldingssentralen fekk tips om ein joggar i Flenjatunnelen på E16 mellom Gudvangen og Flåm i Aurland kommune.

Dermed vart tunnelen stengd i ein knapp halvtime.

Utset seg for stor fare

– Det er ikkje så ofte vi får melding om joggarar. Derimot skjer det nesten dagleg at vi må stenge tunnelar i fylket på grunn av syklistar, seier trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Tenk deg sjølv. Du køyrer inn i ein tunnel og det er sterk sol ute. Dei som syklar i tunnelen utset seg sjølv for stor fare, seier Erikstad.

I fjor sommar vart ein syklist frå Belgia påkøyrt bakfrå og omkom i ein tunnel i Samnanger kommune.

Statens havarikommisjon for transport konkluderte med at mørke tunnelveggar med dårleg lyssetting, høg fartsgrense (80 km/t) og mangel på skilta alternativ for syklistar, var medverkande til dødsulykka.

Har fått varslingssystem

Mange tunnelar i Sogn og Fjordane er stengde for syklistar. Dermed har dei eit problem når dei skal komme seg frå A til B, konstaterer trafikkoperatøren. Mange plassar er det få omsyklingsmoglegheiter.

Rundt om i landet er det no laga varslingssystem i tunnelar. Der kan syklisten sjølv så på ein blinkande varslingslampe før han syklar inn i tunnelen, slik at bilførarar vert merksame på at dei møter ein syklist i tunnelen.

I Sogn og Fjordane er Røneidtunnelen på riksveg 55 mellom Marifjøra og Gaupne i Luster kommune utstyrt med denne typen varslingsutstyr.

Artikkeltags