Gå til sidens hovedinnhold

Bru skadd av elva

Artikkelen er over 3 år gammel

TRAFIKK: Fylkesveg 607 mellom Lavik og Leirvik er stengd - der har elva skadd brufundamentet.

Årsaka er at stor vassføring i elva har ført til skader på brufundamentet ved nedre Tveit, kring tre kilometer frå Leirvik.

– Brufundamentet er så undergrave at vegen ikkje kan brukast. Det er så store skader at det må ein del arbeid til før ein kan få opna vegen att. Det blir nok omkøyring der ei stund, seier Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen.

Omkøyring er mogleg via fylkesveg 63 Lavikdalen.

Kommentarer til denne saken