Trafikkulykke mellom bil og syklist i tunnel – syklist i 80-åra omkom

OMKOM: Ein mann i 80-åra omkom etter trafikkulykka i Raubergtunnelen tysdag morgon.

OMKOM: Ein mann i 80-åra omkom etter trafikkulykka i Raubergtunnelen tysdag morgon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LÆRDAL: Ulykka skjedde i Raubergtunnelen på fv. 243 i Lærdal.

DEL

SISTE: Politiet melder at samanstøyten var mellom bil og syklist. Syklisten, ein mann i 80-åra, er bekrefta omkomen.

Trafikkulykka skjedde på fylkesveg 243 i Raubergtunnelen mot Refsnes i Lærdal. Vegen er stengd.

Ulykka vart meldt like før klokka 10 tysdag morgon. Det var to personar i bilen, ein mann og ei kvinne. Begge er fysisk uskadd. Saka vil bli etterforska vidare, melder politiet.

Politiet var på staden kort tid etter ulykka og opplyste tidleg at det var snakk om ei alvorleg trafikkulykke.

Like før klokka 12 melde politiet at ulykkeskommisjonen til vegvesenet og krimteknikarar frå politiet er på staden. Det vil også bli gjennomført avhøyr.

Helse Førde opplyser at det var to ambulansar på staden kort tid etter ulukka, samt ein lege, men livet til syklisten stod ikkje til å redde.

Det kommunale kriseteamet i Lærdal er varsla, og vil følgje opp dei involverte i ulykka.

Klokka 16.39 melder politiet at vegen er opna att for fri ferdsel.

Artikkeltags