Politimelde sjåfør for alvorlege brot på køyre- og og kviletida

DEL

Ein sjåfør blei meld til politiet tysdag for alvorlege brot på køyre- og kviletida.

Det var under ein kontroll ved Kjøs i Hornindal tysdag at sjåføren blei stoppa, melder Statens vegvesen.

Sjåføren hadde ikkje kort i fartsskrivaren og hadde såleis manglande dokumentasjon på køyring, forklarar Svein Arne Henjesand i vegvesenet til Firda.

Sjåføren hadde også mista sjåførkortet og meldt det tapt. I slike tilfelle kan sjåføren køyre mot at han tek utskrift av skrivaren kvar dag.

– Desse utskriftene skal han ha i bilen slik at i alle fall 28 dagar kan kontrollerast. Det hadde han ikkje, legg Henjesand til.

Totalt blei 89 køyretøy vurderte, medan 32 av dei blei nærmare kontrollerte i kontrollert.

I tillegg til politimeldinga, fekk ein sjåfør 1500 kr i gebyr for å ha under fem millimeter mønster på to av dekka.

Ein annan sjåfør blei politimeld for alvorlege brot på køyre- og kviletida, medan to andre fekk åtvaring.

Tre sjåførar hadde gjenstandar i siktsona som dei måtte fjerne før dei fekk lov å køyre vidare.

Artikkeltags