Kontroll i Førde sentrum og på Langeland – delte ut 73 mangellappar

Statens vegvesen har hatt kontroll. Dei fann mange som hadde feil på lys, bremser og dekk.

DEL

Kontrollen vart halden over to dagar, og Statens vegvesen fann mykje som ikkje var på stell på dei 130 bilane dei kontrollerte.

Heile 73 køyretøy fekk mangellapp og må få fiksa lys, dekk og bremser på bilane sine.

I tillegg fekk 9 bilar bruksforbod. Dette skuldast slitne dekk, manglande speglar, manglande bremselys og mangelfull lastsikting.

Ein bil vart avskilta på grunn av tekniske manglar, og 3 bilførarar vart politimelde for mangelfull lastesikring og manglande bremselys på tilhengar. I tillegg var det 8 bilførarar som fekk gebyr. Dei hadde slitne dekk, eller hadde ikkje med seg vognkort eller førarkort.

UP på Sandane

Det er ikkje berre Statens vegvesen som har hatt kontrollar siste dagane. Utrykkingspolitiet hadde fredag laserkontroll på Byrkjelo. Der fekk fire bilførarar forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Høgste målte fart var 104 kilometer i timen.

UP hadde også ruskontroll på Sandane same dag. Dei sjekka 80 bilførarar for promille. Der var alt ok.

Artikkeltags