Arbeid i tunnel mellom Askvoll – Førde

DEL

Fylkesveg 609 Kvernbergstunnelen mellom Askvoll og Førde kan bli stengt i periodar på inntil 15 minuttar, grunna vegarbeid. Det melder Statens vegvesen.

Dei periodevise stengingane vil gå føre seg frå måndag til torsdag klokka 08:00 til 18:00, og fredag frå klokka 08:00 til 15:00.

Vegarbeidet er planlagt å halde på frå 25. juni klokka 08:00 til 5. juli klokka 15:00.

Artikkeltags