Opnar for kontinuerleg kolonnekøyring gjennom Utvik

OPNAR ATT: Etter lang tids stenging opnar Statens Vegvesen fredag for kontinuerleg kolonnekøyring gjennom Utvik. Biletet syner nokre av skadene ei veke etter flaumen.

OPNAR ATT: Etter lang tids stenging opnar Statens Vegvesen fredag for kontinuerleg kolonnekøyring gjennom Utvik. Biletet syner nokre av skadene ei veke etter flaumen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Men gjennomkøyringa gjeld berre for bilar inntil 3,5 tonn.

DEL

Ordninga med omkøyring for lette køyretøy gjennom Utvik blir utvida frå fredag klokka 07.00. Det melder Statens Vegvesen.

Det blir då opna for kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 3,5 tonn. Omkøyringsvegen vil vere open mellom klokka 07.00 og 21.00, med kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil. Det kan bli ventetid i periodar.

– Vi har hatt gode erfaringar med opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, og i har fått avvikla ein del massetransport. Det gir oss rom for å utvide ordninga, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Å rekne som einvegskøyrt

Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og ledebil. Kontinuerleg kolonnekøyring startar fredag morgon, og til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.

Reparasjonsarbeidet i Utvik går framleis for fullt, og entreprenør er godt i gang med å forskale brukaret som skal reparerast. Utvaska strekningar er fylt på med masse, og det skal støypast støttemur langs ein del av strekninga og gjerast plastringsarbeid.

Også arbeid på Byrkjelo – Utvikfjellet

I tillegg til anleggsarbeidet i Utvik, vil det føregå arbeid på strekninga Byrkjelo – Utvikfjellet. Her er det strekningar med utvaska og svake vegkantar som treng reparasjon.

Artikkeltags