To lastebilar tekne for overlast. For det må dei betale 36 000 kroner kvar

FOR TUNG: Denne gruslasta var mykje for tung for vegen den køyrde på. For det må transportøren betale eit gebyr på 36 000 kroner.

FOR TUNG: Denne gruslasta var mykje for tung for vegen den køyrde på. For det må transportøren betale eit gebyr på 36 000 kroner. Foto:

BREMANGER: To lastebilar vart stoppa då Statens vegvesen hadde kontroll ved Sørgulen på fylkesveg 577 i Bremanger. Begge hadde overlast.

DEL

Statens vegvesen hadde kontrollen nettopp der fordi dei hadde fått tips om stor slitasje på denne vegen.

Under kontrollen stoppa dei berre to bilar. Begge var lastebilar, og begge hadde stor overlast.

Det vart skrive ut gebyr til begge. Den eine må ut med 36 000 kroner for å ha køyrt med overlast, den andre må ut med 36 400 kroner.

– For å bevare vegane våre er det viktig at transportørar held seg innanfor vektgrensene som er sette for norske vegar, skriv kontrollør Ove Garlid i ein kommentar til kontrollen.

Artikkeltags