Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fekk torsdag ettermiddag melding om trafikkaos opp mot Stegastein.
Dei er på veg for å sjekke, og ifølgje meldingane er det muligens ein motorstopp på ein buss.
Trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal fortel at det er kilometervis med køar.
– Og det på trange vestlandsvegar, seier Molvær, som fortel at dei har hatt innringarar som har stått fast i to timar.
– Politet skal vere på veg frå Årdal, seier Molvær.
Etter det han kjenner til skal seks bussar stå fast. Fem av desse står fast ved Kvam, og ein ved Ås. Det er per no ikkje kjent kven av desse bussane som har motorvanskar.
Dei siste meldingane frå staden er ifølgje Molvær at dei fem bussane ved Kvam skal forsøke å rygge seg nedover vegen.
Klokka 17.26 melder politiet at dei har vore på staden, og at det ikkje lenger skal vere trafikkaos på staden.