Gudvangatunnelen opna igjen etter at flygande presenning vart fjerna

DEL

Statens vegvesen melder at Gudvangatunnelen på E16 i Aurland er stengt på grunn av oppryddingsarbeid.

– Det er ein presenning frå ei last som ligg i tunnelen, og som er årsaka til at vi no stenger, seier trafikkoperatør Marius Råve ved Statens vegvesen.

Han reknar ikkje med at det blir noko langvarig stenging. Det er folk som jobbar i tunnelen, og dei vil truleg kunne fjerne presenningen ganske raskt.

Det klarte dei. Om lag ti minutt etter at tunnelen vart stengt kom meldinga om at den var opna igjen.

Artikkeltags