Det er framleis ikkje gjort nye funn i søket etter dei to som er sakna i Flora og Sogndal.

I Sogndal vart det tidlegare i dag sett inn helikopter i søket etter den 37 år gamle mannen som er sakna. Medan dei i Flora har søkt både på land og i Storevatnet etter 45 år gamle Harald André Skåre.

Begge stader har Røde Kors, sivilforsvar, frivillige og politi deltatt i leiteaksjonane. I Sogndal har det også vore inne politihundar frå Bergen.

– Søket vil pågå ut over kvelden. Sjølv om det blir noko redusert når det mørknar på, vil det vere søk i natt også, seier Inge Værøy ved politiets operasjonssentral.

I tillegg til søket jobbar politiet med å gå gjennom tips som kjem inn og sjekke dei ut av saka. Dei held også på med å lage ein plan for søket vidare.