Klokka 1232 i dag gjorde mannskap frå Sea King-helikopteret funn av ein person, som er bekrefta omkomen. Dei pårørande er varsla, melder politiet.

- Den funne er mannen i 70-åra som vart meld sakna i går, seier innsatsleiar Øyvind Olsen til Firda.

Politiet har ikkje mistanke om noko kriminelt i samband med dødsfallet.

- Terrenget i området er bratt og ulendt, seier Olsen.

Politiet kjem no til å undersøke funnstaden nærare, men sperringane rundt området er no fjerna.