Politiet og arrangørane er samde - det blir russetreff på Breim og i Naustdal

INFORMERTE: Politibetjent Odd Helge Vågseth møtte russen på Hafstad vidaregåande skule onsdag.

INFORMERTE: Politibetjent Odd Helge Vågseth møtte russen på Hafstad vidaregåande skule onsdag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

RUSS: Alkonekt kunne sett ein stoppar for dei årlege russetreffa. No har politiet bestemt at årets arrangement skal gjennomførast slik som før.

DEL

– Planlegginga var komen så langt at lensmannen konkluderte med at arrangementa skulle gå som planlagt. Så vil det bli tatt ei ny vurdering neste år, seier politibetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Odd Helge Vågseth.

Han minner likevel om at drikking på offentleg stad ikkje er lovleg.

– Sjølv om arrangementa skal føregå på inngjerda område, er dette likevel ein offentleg plass, seier han.

Les også: – Vi er berre vandreruss, og stolte av det!

Det blir russetreff

I fleire år har politiet late det passere at russen har nytt medbringa alkohol på russetreff på offentleg stad. I mars kom derimot beskjeden at politidirektoratet ville nekte russ å ta med sin eigen alkohol på offentlege russearrangement.

Ansvarleg for russetreffa på Breim og Sanden i Naustdal, Per Svein Reed, var då klar: viss det vart alkonekt, vart det ikkje russetreff. No stadfestar Reed at russetreffa på Breim og i Naustdal skal gå som planlagt. Det er han glad for.

– Vårt mål er at russen skal få eit så trygt og godt arrangement som mogleg. Einaste måten det kan skje på, er i arrangerte former, seier Reed som fortel om eit godt samarbeid med lag og organisasjonar i dei ulike kommunane.

– Dette er eit lagarbeid med alt frå miljøkoordinatorar på skulane, brannvesen og Røde Kors. Vår oppgåve er berre å gjennomføre arrangementet teknisk, seier Reed.

TRYGT: – Vårt mål er at russen skal få eit så trygt og godt arrangement som mogleg. Einaste måten det kan skje på er i arrangerte former, seier Per Svein Reed.

TRYGT: – Vårt mål er at russen skal få eit så trygt og godt arrangement som mogleg. Einaste måten det kan skje på er i arrangerte former, seier Per Svein Reed. Foto:

– Norsk lov gjeld uansett

Russetreffet på Sanden i Naustdal er 1. mai og den 12. mai samlast russen på Breim.

Onsdag hadde Førde kommune og politiet informasjonsmøte for russen på Hafstad vidaregåande. Der fortalde politibetjent Vågseth at han er fornøgd med korleis russen i Førde har oppført seg dei siste åra.

Den gode trenden håpar han skal fortsette i år.

– Det har vore lite ordensforstyrringar og valdsepisodar dei siste åra. Før samarbeidet med skulane om russetreffa kom i gang, var det langt fleire tilfelle. Desse arrangementa samlar russen og gjer at vi klarar å ha meir kontroll på det som skjer, seier han og ber ungdommane bruke hovudet under feiringa.

– Vi har sett at nokre øydelegg for seg sjølv i russetida. Kvart år tek vi imot meldingar om kriminalitet gjort av russ. Dette har vore alt frå knekte tre til skadeverk på bygningar. For nokre år sidan vart også ein russ tatt for promillekøyring. Han var på veg ned igjen mot Utstillingsplassen med ny alkoholforsyning då han vart stoppa av oss. Den turen har øydelagt for hans yrkesliv. Norsk lov gjeld også med russelue, seier Vågseth.

Nulltoleranse for bruk av klatreparken

Teknisk sjef i Førde kommune, Bernhard Øberg, informerte også russen om kor dei kunne opphalde seg på Utstillingsplassen.

– Det er berre lov å opphalde seg innanfor inngjerda område. Å bruke klatreparken er det nulltoleranse for. Om det skjer, så er konsekvensen at vi stenger plassen. Det same gjeld viss reglar for opprydding ikkje vert haldne, seier Øberg.

Politiet bad også russen om ha respekt for nattero. Vågseth oppmodar også foreldre om å ikkje sleppe mindreårige på fest på Utstillingsplassen.

– Vi har hatt nokre tilfelle der 9.- og 10.-klassingar har vore på Utstillingsplassen. Russetreffa er primært for russen og ingen eigna plass for mindreårige, seier Vågseth.

Artikkeltags