Jentene på første rad blei del av årets strippedans

MÅTTE OPP PÅ SCENA: Under onsdagens premiere på Hafstadrussen sin revy «99 Problems» gjorde gutane ein ny vri med å invitere opp jenter under strippedansen sin. Her er Mathias Berge, Arnfinn Strømsli Hallanger, Daniel Midtbø, Nathaniel Hovland og Oddne Kvammen i aksjon. Foto: Ivar Bruvik Sætre
FØRDE: Hafstadrussen herja med lærarar, yngre kull, Mo og Øyrane og Firda. Og gutane gjorde ein heilt ny vri under den tradisjonsrike strippedansen på russerevyen.
– Dette gjekk veldig bra, og eg er stolt over å vere revysjef for ein gjeng som har stått på og brukt så ekstremt mange timar på øving, seier revysjef Maria Gravdal.
I år, som i alle år, skulle storsalen i Førdehuset fyllast med dirrande russehormon på scena og med nervøsitet frå lærarar og foreldre i salen. Med revynamnet «99 problems» spelar Hafstad-russen på sitt fødselsår – 1999 – og rappelåten med same namn av Jay-Z.
Sjå bildeserien nedst i saka.
Frå Farmen til Mo og Øyrane
Gjennom halvannan time blei publikum vitne til alt frå ein ny Farmen-variant med Hafstad-lærarane som deltakarar, til mislykka sjekking på Burger King.
Mo og Øyrane-kulturen blei som vanleg gjort narr av, mellom anna i form av ein dokumentarisk video frå skulen. Publikum fekk bli kjent med eleven Svein Inge, som både prata med panteautomatar og som sverja til ein tobakksbasert lunsj i skulekantina.
Vore mykje i media
Russen har vore jamleg i media siste halvåret, mykje takka vere restriksjonar på festplassen, lovgivinga rundt medbragt alkohol og ei mobbesak av Firda. Det gjekk ikkje umerka hen i revyen. Avisa blei parodiert både i form av journalist Ole Johannes Øvretveit og ei nyheitsopplesing der titlane var tabloide og illustrasjonsbilda var dryge.
– Det har vore ganske mange Firda-saker i løpet av skuleåret. Så vi syntest det var artig å få inn ein vri på det, utan å gå alt for langt, seier revysjef Gravdal.
Revyen var også fylt av musikalske mellominnslag frå bandet, og ei rekke dansenummer frå jentene. Gutane sin strippedans må ha kravd sine øvingstimar, for den var lang, gjekk over fleire musikalske fasar, og blei avslutta med eit smell. Nytt i år var også at jenter frå første rad skulle opp på scena og få lapdance, som bidrog til høg fnisefaktor.
Rektor Nina Bygstad kom opp på scena då revyen var slutt. Ho var imponert over kva russen hadde fått til.
– Offisielt har dei berre fått ein halv dag av skuletida til å øve. Berre tenk dykk den jobben det er sette saman ein heil revy når du har 150 lause kanoner du skal halde styr på, sa ho til salen.
– Ei ære
Lærarane Firda møtte, kom ut av Førdehuset med eit smil.
– Å bli parodiert er ei ære, seier Kari Viken.
Ho har vore lærar i gym og spansk ved skulen i ei årrekke, og har så lenge Firda-journalisten kan hugse vore parodiert på revyar.
– Klarer russen å framstille deg riktig kvart år?
– Det er jo ofte den gymmen det går i, seier Viken og ler. Ho seier ho hugsar spesielt godt ein parodi som blei gjort av ho av Helene Bergsholm på russerevyen 2011.
Torsdag kveld klokka 18 blir revyen vist på nytt i storsalen. Deretter kan både russen og lærarane puste ut, og russen kan ta seg ein fest.
– Då skal vi feire revyen! Det blir kjekt å samle alle, seier revysjef Maria Gravdal.
Kommentarer til denne saken