40-åring teken for butikktjuveri, og tre menn tekne for bruk og oppbevaring av narkotika

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet melder tre menn i 20 åra for oppbevaring og bruk av hasj.
Dei tre vart tekne på ei privat adresse i Vågsøy, og ifølgje politiet skal alle tre ha vedgått tilhøvet.

I Naustdal vart ein rusa mann i 40-åra stansa av dei tilsette etter at han hadde stole alkohol frå ein butikk i Naustdal.
Politiet tok mannen med seg og sette han i arresten, melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Artikkeltags