Éin var så rusa at han ikkje greidde å ta vare på seg sjølv, fire andre hamna i nevekamp

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITINATTA: Det har vore ei høvesvis roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane, men som vanleg var det nokre som ikkje greidde å styre seg.

DEL

Sogndal:

I Sogndal måtte politiet ta hand om ein person som var så rusa at han ikkje greidde å ta vare på seg sjølv.

Mannen vart teken med til fyllearresten for å sove rusen ut, melde politiet på Twitter.

Førde:

I Førde måtte politiet gripe inn i samband med nevekamp ved ein utestad.

Ifølgje politiet fekk fire personar ordre om å fjerne seg frå staden.

Artikkeltags