Seks-sju sauar dokumentert tekne av ulv i Lavik

DREPEN AV ULV: Denne sauen vart funnen drepen i Guddal i Fjaler, truleg av den same ulven som no drep sauar i Lavik.

DREPEN AV ULV: Denne sauen vart funnen drepen i Guddal i Fjaler, truleg av den same ulven som no drep sauar i Lavik. Foto:

SAU: Men dei relle tala er nok mykje høgre, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.

DEL

– For det første er det berre ein liten del av dei som blir drepne som blir funne, og så er det ein endå mindre del av dei igjen, som kan dokumenterast hundre prosent sikkert at dei er tekne av ulv, seier Golf.

Fuglar øydelegg bevisa

Veldig ofte er dyra som blir funne, så oppetne av åtesletarar at det er umogleg å finne bitemerker eller liknande som kunne bevist at det var ulv som var dødsårsaka.

– Ein flokk fuglar kan ete opp eit kadaver på ein augneblenk. Difor er det veldig viktig at om ein finn dyr som ein mistekner er drepne av rovvilt, så må ein dekke dei til snarast råd, seier Golf.

Firda har snakka med to sauebønder i Lavik-området. Ingen av dei vil stå fram med namn og bilde, men den eine fortel at han har misst sju lam og ein sau, som han meiner er drepne av ulv.  Den andre fortel at ni lam og to sauer er funne drepne.

Kan ha drepe 19, dessutan manglar 20 dyr

Har saueeigarane rett, har ulven så langt altså drepe 19 dyr i fjella rundt Lavik. Og det er dei ein har funne. Den eine sauebonden manglar framleis rundt 20 dyr som ikkje er komne heim frå beite, og som ein så langt ikkje har funne i live.

Vanskeleg jakt

Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos fylkesmannen fortel at det blir drive jakt på ulven i Lavik-området, men at det er ei vanskeleg oppgåve:

– Dette er noko av det vanskelegaste du kan drive med, jakt på ulv på sommarføre i tett og ulendt terreng. Det er uoversiktleg og lett for ulven å stikke seg vekk. Hadde vi endå hatt eit dalføre, geografien er heller ikkje på vår side. Tenker vi på det som skjedde i Naustdal i 2014, så fekk ein ikkje skote ulven før snøen kom.

Artikkeltags