– Vi skvatt litt til, men vi er sikre på at det var ein bjørn vi såg

SIKRE: Ekteparet Arne og Nina Verlo er sikre i sak om at det var bjørn dei såg ved Torvund.

SIKRE: Ekteparet Arne og Nina Verlo er sikre i sak om at det var bjørn dei såg ved Torvund. Foto:

HØYANGER: Arne og Nina Verlo er overbevist om at dei såg bjørn ved Torvund.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det kan ikkje ha vore andre dyr, seier Arne Verlo frå Bergen.

Skvatt til begge to

Han og kona Nina Verlo var på veg heim seint søndag kveld etter ein konfirmasjon i Ålesund. Dei skulle nå 00.30- ferja frå Lavik og hadde køyrt eit par kilometer forbi Noreviktunnelen, passerte rasteplassen på venstre side av vegen og kom på ei rett strekning.

– Plutseleg seier kona mi: «Ein bjørn!» Eg bremsa og såg det same som ho; ein liten brunbjørn berre eit par meter frå vegen. «Men det er jo ikkje bjørn her», sa vi begge to. Vi skvatt litt til begge to og blei litt redde.

– Vi var litt redde

– Kan det ha vore eit anna dyr?

– Vi har svært gode lys på bilen som lyser svært godt opp på sidene, så vi såg dyret godt sjølv om det var seint på kvelden. Det hadde mykje pels og hovudforma på den likna ikkje på ein hund. Den hadde mykje meir hår og var veldig brunsvart. Og så var den stor og mykje breiare enn ein hund eller jerv. Vi er ganske sikre begge to på at det var ein bjørn.

Ekteparet køyrde vidare, men lurte på om dei burde snudd og ta bilde:

– Men då hadde vi ikkje rukke ferja. Dessutan må eg innrømme at vi var litt redde også, det var jo midt på natta og eg har ikkje akkurat eit gevær i bagasjerommet, humrar han lett, men innrømmer at dei angrar litt på at dei ikkje prøvde å dokumentere det dei såg, vel vitande om at ikkje alle trur så lett på slike observasjonar.

Det har blitt observert bjørn fleire gonger i Sogn og Fjordane, men det er langt frå daglegdags. I 2012 melde Firda om ni bjørneobservasjonar i fylket. Året før frykta bondelaget i fylket at ein bjørn hadde lagt seg i hi i fylket, og søkte om å felle den.

I 2008 blei ein bjørn skoten etter at den hadde drepe fleire sauer. Det blei då organisert jakt etter bjørnen.

– Har nokon andre sett det same som oss?

Kvelden før observasjonen sat Verlo og diskuterte rovdyr saman med svogeren.

– Vi prata om nettopp bjørn og kor få det er av dei i Norge. Det er sjeldan dei blir sett, så det er jo veldig tilfeldig kven som får sjå dei. Difor var det så vittig og spesielt at vi såg det med eigne auge kvelden etter, seier bergensaren, som sjølvsagt har fortalt svogeren om hendinga:

– Han trudde på deg?

– Ja, han syntest det var heilt utruleg. Vi driv jo ikkje og fortel eventyr, seier Verlo, som lurer på om andre har sett det same som han: 

– Det er jo veldig spesielt og eg veit at det ikkje er vanleg med bjørn i området.

Statens naturoppsyn: Ikkje kjent med saka

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn seier til Firda at dei ikkje er kjent med at det er bjørn i Sogn og Fjordane for tida.

– Det er ikkje slike observasjonar, nei. 

– Kor sannsynleg er det at det var bjørn ekteparet såg?

– Det er vanskeleg for oss å stelle oss til observasjonar, men vi tek det til etterretning, men vi kan ikkje sjå bort frå noko, seier Golf som oppmodar folk om å ta bilde om dei gjer slike observasjonar. 

Artikkeltags