Vestlendingar må førebu seg på meir styrtregn og fleire skred

STYRTREGN: Her frå jordraset som trefte brua ved Svidalsneset på E39 30. juli.

STYRTREGN: Her frå jordraset som trefte brua ved Svidalsneset på E39 30. juli. Foto:

I åra framover vil meir kraftig nedbør og fleire skred true lokalsamfunn på Vestlandet, syner ny rapport. Røde Kors er bekymra for at fleire liv vil gå tapt.

DEL

I rapporten «Norges klima 2071-2100» har Norsk Klimaservicesenter på oppdrag frå Røde Kors laga ei omfattande oversikt over korleis klimaendringane kan råke innbyggarane i Norge framover.

Fleire skred

Framskrivingane for Vestlandet syner auka risiko for at kraftig regn vil komme oftare og med større intensitet. Det er forventa større flaumar i dei fleste vassdrag, og fleire jord- og sørpeskred i samband med meir og kraftigare nedbør. 

– Styrtregnet som råka folk i Jølster og Gloppen i sommar og Utvik i 2017 så hardt, har alt vist at både styresmaktene, innbyggarane og vi i dei frivillige beredskapsorganisasjonane må førebu oss på meir uføreseielege og ekstreme forhold.

Det seier Sigurd Strand, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors beredskapsutval, i ei pressemelding.

Som hjelpekorpsar har han sett øydeleggingane frå ekstremvêr på nært hald, og møtt mange av dei som har vore hardast råka. Han har sjølv delteke i redningsarbeidet blant anna under styrtregnet i Utvik og på Blakset i Stryn kommune.

– Berekningane i rapporten viser at det blir meir av denne sorten ver. Med det vi har erfart til no, er det grunn til å frykte at fleire liv vil gå tapt i åra som kjem, seier han.

Styrtregn størst skadepotensial

Rapporten syner at det jamt over vert meir av den kraftige sorten nedbør over heile landet. Styrtregn, som varer nokre minutt eller få timar, vert vurdert som å ha størst skadepotensial på infrastruktur. 

– Det blir fleire og større regnflaumar, og i tettbygde strøk vil kraftig nedbør føre til større problem med overvatn. Meir kraftig regn kan også utløyse fleire jordskred, flaumskred og sørpeskred, seier hydrolog Irene Brox Nilsen i NVE i pressemeldinga. Ho har delteke i arbeidet med rapporten.           

Lokale klimaforhold har vore viktig for kvar vi buset oss, og kommunane må ifølge Brox Nilsen ta omsyn til klimaendringar når dei planlegg bustadområde og infrastruktur.

– Areal som ikkje har vesentleg risiko for naturskade i dag, kan få det i framtida, seier forskaren. 

Styrke førebyggande arbeid

For å vere best mogeleg budd på klimaendringane, ber Røde Kors alle kommunar om å syte for å ha gode beredskapsplanar og å styrke det førebyggande arbeidet.

– Det er viktig med gode samarbeidsavtaler mellom kommunane og frivillige beredskapsaktørar, så ressursane finn kvarandre når behovet er der. Frivilligheita må få delta i øvingar saman med kommune og naudetatar. Rapporten syner at klimaendringar må ha ein viktig plass i risiko- og sårbarheitsanalysane som kommunane lagar i tråd med kommunal beredskapsplikt, seier Strand og held fram:

– Så må kommunane ha nok tilsette med ansvar for beredskap og beredskapskompetanse på leiarnivå, avsluttar Strand.

Artikkeltags