Sette i gang leiteaksjon i natt

SAKNA: John Andre Solheim

SAKNA: John Andre Solheim Foto:

Etter å ha leita gjennom heile natta, fann ein like etter klokka 09.30 den sakna John André Solheim (45) i live. Det stadfestar politiet.

DEL

FIRDAPOSTEN: OPPDATERT: Leiteaksjonen er no avslutta. Den sakna er funnen i live.

Leitemannskaper leita natt til torsdag etter John Andre Solheim (45) som blei meldt sakna frå heimen sin dagen før klokka 19.30.

Det blei ut over onsdag kveld sett i verk ein større leiteaksjon. I tillegg til politiet, deltok også Norske Redningshunder og Røde Kors. Klokka 02.10 vart Sivilforsvaret mobilisert. Sju personar frå Sivilforsvaret har sidan klokka 02.30 og gjennom natta sitte på lyttepostar i Brandsøyåsen, men ifølge operasjonssentralen til politiet klokka 06.00 torsdag, har ein framleis ikkje funne spor etter 45-åringen.

Klokka 09.15 melde operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt at Sivilforsvaret nettopp hadde kalla ut meir mannskap for å delta i eit større søk etter den sakna. Men like før klokka 10.00 blei aksjonen avslutta, då mannen blei funnen i live.

Den sakna sine pårørande gav løyve til at han kunne etterlysast med namn og bilde i media.

Artikkeltags