Her må du rekne med venting

ARBEID: Det vil vere arbeid på strekninga Fjærlandstunellen til Frudalstunnelen fram til 23. juni.

ARBEID: Det vil vere arbeid på strekninga Fjærlandstunellen til Frudalstunnelen fram til 23. juni. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Vedlikehaldsarbeid på hovudveg.

DEL

På riksveg 5 mellom Skei i Jølster og Sogndal vil det i ein periode framover vere diverse vedlikehaldsarbeid. Dette gjeld både fresing og asfaltlegging, samt ordinært vedlikehald.

I følgje Statens vegvesen sine nettsider gjeld dette i området mellom Fjærlandstunellen og Frudalstunnelen fram til 23. juni. Arbeidet vil føregå i tidsrommet 07.00 til 18.00, og trafikantane må rekne med ventetid på 15 minutt. Det vil vere manuell dirigering i området.

Det vil også føregå vedlikehaldsarbeid i Fjærlandstunellen, og dette skal vere avslutta til 15. mai klokka 06.00.

Artikkeltags